FRIARVISE FRÅ VEST
Han saknar ei jente så no vil han fri
Den tida som ongkar skal no bli forbi
Om kveldane e’ da så einsamt og kaldt
Nei, penga i bankjen da e’ no’kje alt
Her ute på øya vil ingjen han ha
Så prøver han lukka, aviser og blad
Med lystige tankar til posten han går
Så ror han ut vågen der storseien går.
I "Bergensavisen" ho brevet hans finn
Og der kan ho lesa om friaren sin
Eit småbruk han tilbyr, ein båt dei kan ro
På lemen står sengja heilt klar for dei to
Kor e’ du min flamme som saknar ein gut
Hiv deg på båten, ta turen her ut
Tjukkfallen, tynn eller kraftig og stor
Han søkjer eit hjarte med kjærleik som gror
Te postkassen går han og brevet han får
Han småspringe heimatt og tek seg ein tår
Men lure og tenkje. og e’ litt i tvil
Visst hu e’ frå Bergen – når han e’ ein Stril
Mammo hu sa no so ofta so so
Held avstand te kvinnfolk, du e’ altfør go
Ta vare på garden, her høre du te
Så sa hu te Anno; "Han får ikkje fred".
Nei, kanskje skal allting få vera som før
Eg opnar ’kje brevet, nei ei om eg tør
Få gå her å passa på saue og kyr
I godvær på vågen få dra seg ein lyr
Men, Halvard no veit eg ka du gjere no
No hive du brevet, og tar da med ro
Finn henne du hadde, som ville bli di
Då sleppe du kava, te hu ska’ du fri.
til topps
Tekst: Olaf Stølsvik/Johannes Kleppevik
Melodi: Johannes Kleppevik
Vinnesvåg, desember 1997
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass, el. gitar Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trommer: Gunnar Bergstrøm
Fele: Øystein Fosshagen
MOTORBÅT OG EIN
LAURDAGSDANS
Fyr opp motoren, hør Sabben sin song
Seksti og Solo, no e me i gong
Ongdommen samlast, e klar te å gå
Reise på dans, itte jentena sjå.
Refr.:
Motorbåt og ein laurdagsdans
På friarføte han Per og han Hans
Strilajento, ja hu e go
Strilajento, me sakna ho
Fór so ein laurdag frå Vinnesvåg
Mons’n va allti da sista me såg
Tøffa langs landet å Sabben går trutt
Endo ei stond te att dansen e slutt.
Nyte so turen å preika øss hås
Syngje i samen: "I love you because"
"I hengjande snøre e håp", seie Hans
Gutane lengta te købma te lands.
Dansen e slutt å han møte hu att
Hu som på lemen han sakna kvar natt
Føle te grinda, men slepp ikkje idn
Går ne te båten å gjengen sin find.
Fyr opp for svarten, få sarvet i gong
No e da morgon – ja, natta vart long
Morild å måne va alt da me såg
No tøffa me heimatt te Vinnesvåg.
til topps
Tekst: Olaf Stølsvik/Johannes Kleppevik
Melodi: Johannes Kleppevik
Hotel Norge, Bergen, februar 1996
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trekkspel: Øyvind Farmen
Trommer, perc.: Stein Inge Brækhus
Kor: Doris, Sigrid-Marte og Marlen Kleppevik, Solvei Kalve,Evelin Revne
HALLO, MIN
STRIL
På "Milde Måne" me dansar swing
Ein sakte tango – kinn mot kinn
Lukka mi er der og då!
Ho kviskrar til meg: "Me får no sjå…."
Refr.:
Hallo, min stril
Få no fram eit smil
Ha, ha – hi, hi
Du veit no at du e’ mi!
Du "Milde Måne" kor kjekt det er
Blodet brusar og jenta ler
Lat oss dansa natta lang
Og du kan få sitja på mitt fang.
Men til gubben ho må dra heim i natt
Ho tar ein taxi og eg blir att
Ikkje tango – ikkje swing
No ventar sengja og ingen ting.
Nei, købm deg heimatt du gamle gut
Gå te sjødn, sett gadna ut
Gløm ein twist, ein rock og swing
Ta båten heimatt te plassen din.
På "Milde Måne" dar vart eg blakk
Her heima e da følkasnakk
Tøre ikkje å gå ut
Nei, reis idn te bydn du spreke gut.
til topps
Tekst: Olaf Stølsvik/Johannes Kleppevik
Melodi: Johannes Kleppevik
Hotel Norge, Bergen, september 1995
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trekkspel: Arve Håland
Perc.: Stein Inge Brækhus
Kor: Ramona Sulen
VISE I
VIND
Vestavinden kvin om nova
Godt å ha det varmt i stova
Månen tittar fram på ny
Måsen søkjer nattely
Båten kviler trygg i støa
Katten går til ro i løa
Visna lauv fyk rundtom naust
Sommaren som vart til haust.
Refr.:
Vise i vind når tida går
Vise i vind frå haust til vår
Nordavinden snø på bøen
Kaldt for fiskaren på sjøen
No har alle rusla heim
Ola, Per og Britt frå Seim
Vinteren den lange tida
No me saknar sol i lia
Skumringsstund og eventyr
Ventetid for folk og dyr.
Lyse kveldar er attende
Haust og vinter heim me sende
Bøen grøn med sau og lam
Vesle Linn rekk handa fram
Kalven sprett so han e’ galen
Fela let langt opp i dalen
Ungkarsvals i festleg lag
Vakne opp til sommardag.
til topps
Tekst: Olaf Stølsvik/Johannes Kleppevik
Melodi: Johannes Kleppevik
Hotel Norge, Bergen, november 1998
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trekkspel: Øyvind Farmen
Fløyte: Ingela Øien
Vibrafon: Ivar Kolve
KOM,
VESLE JENTE
Kom, vesle jente
Sjå, vesle jente
Dagen er din
Skogen han syng og sola ho sprett
Og katten kjem inn
Snøklokker står attmed løa
Skjora ho sanka til føda
Snøen han tinar og går
Nett no kom våren i år.
Kom, vesle jente
Dans, vesle jente
Fjorden er fri
Inn imot hamna stemnar ein bark
Den skuta er di
Langt ut på hav skal du fara
Lenge skal ferda di vara
Men i ei midtsommarnatt
Kjem du til fjorden din att.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Kleppevik, 6. mars 1996
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Trekkspel: Øyvind Farmen
DAN
SISTE BÅTEN E "BØRSEN"
Dan siste båten e "Børsen"
Café’n me har i land
Dar sete me ofta i samen
Å lengta te varmare strand.
Refr.:
Dan siste båten e "Børsen"
Me sku ikkje gje i land
Men vøre igjen i Peru, du
Å dansa me Rita på strand
Dan siste båten e "Børsen"
Her sete ein gjeng i lag
Me drøsa og drikk te di stengje
Ein utflagga sjømann sin dag.
Dan siste båten e "Børsen"
Månge eg treffe igjen
Ja, alt i frå Letten frå Nordnes
Te Jongen frå Fedje, min venn.
Dan siste båten e "Børsen"
Ein kjuagutt og ein stril
Dei drømme seg vekk ifrå Bergen
Te sommar og sol i Brasil.
Dan siste båten e "Børsen"
Dar sete Chiefen frå Os
Samen med Føsten frå Lindås
På nåde står Ole, Matros.
Dan siste båten e "Børsen"
Du fidn øss me same bord
Som før no me sat på Sjappen
Då Båsen fekk Gjengen ombord.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
"Børsen", Bergen, 18. april 1990
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Perc.: Stein Inge Brækhus
SUND
PÅ SØRE SOTRA
Og guten låg i vogga
Han såg på mora si
Mens faren sto og tenkte
Kva vil den karen bli
Dei glade barndomsdagar
Var lett på foten då
Dei lyse sommarkveldar
Eg stundom klart kan sjå.
Refr.:
Sund på Søre Sotra
Heimen me alltid har
Sund på Søre Sotra
Gåva frå mor og far
Og garden den var liten
Ti sauer og to kyr
Han bestefar han rodde
Og fiska torsk og lyr
Men ungane laut hjelpa
Si mor med torv og slått
Mens faren var på langfart
Ny båt han hadde fått.
I vest låg opne havet
Det skapte utferdstrong
Og mange drog på fiske
Eg hugsar at dei song
Og "Vatlestraumen" frakta
Til Bergen dreng og møy
Dei ville ut i verda
Var lei av torv og høy.
I krig og fred var øya
Ein varde og ei hamn
Og aldri skal me gløyma
Kvar heltedåd, kvart savn
Så når han ut i verda
Om kvelden står ombord
Han minnest gamle grenda
Og songen frå si mor.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Bergen, august 1999
Sang, akk. gitar, munnspel: Johannes Kleppevik
Bass, akk. gitar: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trommer: Gunnar Bergstrøm
Trekkspel: Arve Håland
Kor: Doris, Sigrid-Marthe og Marlen Kleppevik, Solvei Kalve, Evelin Revne
VÅRVISE I NAUSTET
Ein vårdag i naustet når vårsola skin
Det er som ein rus frå den finaste vin
Her luktar det tjøre og rein terpentin
Ved bryggja ligg båten så nysmurd og fin.
Refr.:
Vårvise i naustet
Mi vise i vår
Sjå tedno som stuper, ja ho er seg lik
Ho sender si helsing med sylkvasse skrik
Frå skogen syng fuglar så vakkert om vår
Og gaukjen er komen, eg høyrd’an i går.
Som liten eg reiste på fiske med far
Ja, då var det spenning – ja, då var eg snar
Me kom inn til bryggja med fangsten så stor
Eg småsprang opp vegen med torsken til mor.
Så sit eg i naustet og drøymer meg bort
Nei, no vert nok lite og ingjenting gjort
Men godt å få vera me sjødn ei stund
Blant teiner og nøter på slekta sin grunn.
til topps
Tekst: Olaf Stølsvik/Johannes Kleppevik
Melodi: Johannes Kleppevik
Hotel Norge, Bergen, desember 1996
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trekkspel: Ole Fjeld
Vibrafon: Ivar Kolve
Kor: Doris, Sigrid-Marthe og Marlen Kleppevik, Solvei Kalve,
Evelin Revne, John Foss, Bjørn Breilid
KOM
MED SOMMAR OG SOL, KOM DU JENTA MI
Ifrå nord kjem me heimatt frå god sesong
No med skuta frå Kristiansund
Det var vinter og storm, men me fiska godt
No mot sommar me stemner inn
I fjella ligg snøen frå vinterstid
Men frå skogen så angar det vår
På rekka eg sit med mitt trekkspel no
Lager valsen eg lova deg.
Refr.:
Kom med sommar og sol, kom du jenta mi
Ifrå sjøen eg har tatt meg fri
Båten kjem inn til land med ein fiskarmann
Ta ein dans på ein kai med han
Ifrå nord kjem han heimatt frå god sesong
Går i land og har pengar på bok
Og på kaien dei samlar seg kvar og ein
Det er laurdag og folk har fri
Og dansen den går i ei sommarnatt
Sjå på dagen som helsar i aust
Men du var min lengt på mi vakt ombord
Her er valsen eg skreiv til deg.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Bergen, 20. august 1999
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Trekkspel: Øyvind Farmen
Trommer: Stein Inge Brækhus
GOD
KVELD, JACOB SANDE
Me møtest i kveld i Dale
Til Jacob sin store fest
Og folk ifrå alle kantar
Er samla her langt i vest.
Somme av dei som han kjende
Som ynskjer å sjå han att
Med song og med spel dei helsar
Sin diktar til langt på natt.
Du Jacob, din gamle høvding
Disiplar du har i fleng
Her kjem me som glade fantar
Spør om ein dram og ei seng.
Ja, no må du tenna bålet
På Skjeret som ofte før
Og syngja din song med lutten
Til sola i morgon glør.
Så no når me sit her hjå deg
Me undrast og spørja vil
Om Daniel og dei andre
Om korleis du fekk alt til.
Me lever som trubadurar
Og reiser kring land og strand
Og tenkte du kanskje ville
Gje oss ei hjelpande hand.
Pilgrimar kjem her til Fjaler
Den staden der Gud held fest
Midt her iblant oss sit Jacob
Og Helga er heidersgjest.
Tenk om han no kunne seia
Ord som var berre til oss
Ei trøyst til ein fattig songar
Før her han må kasta loss.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Dale i Sunnfjord, 1995
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Keyboard, trøorgel: Yngve Jacobsen
Trekkspel: Arve Håland
JENTA PÅ HURTIGRUTA
Frå Kirkenes går det mot sør
Og jenta har seilt leia før
Ombord har ha stått mange år
Ein song frå oss alle ho får.
Refr.:
Vår hyllest til jenta ombord
Som seiler i sør og i nord
Og kvar Hurtigrute har sjel
For jenta har humor og tæl!
Om natta frå Tromsø me går
Og omsut på turen me får
Ho er på ein måte ei mor
Ei søster som hjelper sin bror.
På Folla han blæs frå sørvest
I stormen er jenta vår best
Ho står som eit blinkande fyr
God kaffi og smørbrød ho byr.
I Bergen då går ho i land
Sin livsstil på sjøen ho fann
Vår trise som no mønstrar av
Me takkar for det som ho gav.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
M/S "Nordstjernen" på Svalbardturen 25. august 1999
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Trekkspel: Øyvind Farmen
Trommer: Stein Inge Brækhus
Kor: Bergen Sporveis Kor
ISABEL
Say it again that you love me,
Say it again that you care.
I can’t believe what I’m feelin’
I can’t believe you are here.
Refr.:
Isabel, Isabel, now I must tell
You bring the sunshine to me.
I was so sad, feelin’ so bad
But you bring the sunshine to me
I didn’t know this could happen,
I am in love once again.
So from my heart I will tell you
You are much more than a friend.
Here I am back on the ocean,
Sometimes the nights are so blue.
Can you remember the sailor
Who wrote a lovesong for you.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
M/S "Havstril", Canada, april 1981
Sang, akk. gitar, munnspel: Johannes Kleppevik
Bass, el. gitar: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trommer: Gunnar Bergstrøm
Trekkspel: Arve Håland
THE
LONELY SOUND OF THE SHORE
He came back to Newport
To see his pretty girl
He came in with the storm
He came back it was spring
And he bought her a ring
He came in with the storm.
Refr.:
He came back like before
And he needed her more
He went back as a sailor so strong.
He came in with the ship
In the early morning
He came back with a song
But she was gone
Now he sails on the sea
With that sweet memory
Of a love that never can be
And his song never ends
When he sings for his friends
On deck for the last seamen.
And the stories go on
In sailors songs
As they sing along
No more ships coming in
They are gone with the wind
The lonely sound of the shore.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Newcastle, England, 1994
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Fløyte: Ingela Øien
Kor: Ramona Sulen
JUL
I BISCAYA
Ei jul på ein båt eg minnest
Biscaya med storm frå vest
Vår kyrkje er mannskapsmessa
Kapteinen ombord er prest.
Refr.:
Jul i Biscaya
Bylgjene er på jakt
Jul i Biscaya
Jul på ei nattevakt
All lasta på dekk er borte
Den gjekk overbord i natt
Ein livbåt blei knust av ei bylgje
Men mannskap og skip er att.
Biscaya vert kalt ein gravplass
For sjøfolk frå mange land
Eg trur me skal takka Vår Herre
Og Båsen, vår beste mann.
Me har både mat og drikke
Presangar me fekk ombord
Kapteinen han opnar så Boka
Og leser dei signa ord.
Så syng me om Jesusbarnet
Som blinkande fyr no står
Men tru om han var her på havet
I stormen me rei i går.
Så går eg på vakt på broen
Og stormen den løyar no
Sjå Betlehemsstjerna ho lyser
Når sistemann går til ro.
Og nede frå båtens indre
Eg høyrer dei trygge slag
Me møter ein tankbåt på styrbord
Og natta ho går mot dag.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Kleppevik, Jula 1997
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Keyboard: Yngve Jacobsen
Trekkspel: Ole Fjeld
Kor: Bergen Sporveis Kor
EG
HAR EIN ENGEL
Eg har ein engel med meg på vegen
Han var der frå fyrste stund
Frå vogge til grav han lyser
Til slutt i min siste blund.
Eg har ein engel med meg på vegen
I ungdom og song og vår
I livet han fylgjer med meg
I gode og tunge år.
Eg har ein engel med meg på vegen
Når kvelden vert vond å gå
Han styrer mitt steg i natta
For dagen eg takkar då.
Eg har ein engel med meg på vegen
Når livet mitt ebbar ut
Han syner meg himmelstranda
Her er ikkje sorg og sut.
til topps
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Kleppevik, juni 1992
Sang, akk. gitar: Johannes Kleppevik
Piano: Yngve Jacobsen
Fløyte: Ingela Øien