EG ER PÅ VEG
Står i kø og vonar han vil snart ta slutt
Mykje betre før, då dampen gjekk
Syngjer med på songen ifrå radio
Kan du høyre for eit fint refreng
Refr.:
Eg er på veg
Heim til deg
Køyrt mange mil - båt og bil
Hav og land - på vegen fram
Dag og natt
Må sjå deg att
Skal med første flight'en ifrå Ekofisk
Håper skodda lettar lite grann
Fjorten dagar er for lenge, utan deg
Men, no kjem eg heim - no ser me land
Ja, no ser eg kvite fjell i kikkerten
Gamlelandet reiser seg på ny
Etter fleire veker, heim frå Nordsjøfart
Er det deg eg mest vil sjå igjen
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Vågstranda Gjestgiveri, 1. mai 1987
Akk. gitarar: Johannes Kleppevik
Bass og el. gitarar: BjØrn Breilid
Trommer: David Genius
Steelgitar og munnspel: Harald Dyb
Kor: Monika H. Kolltveit, Anita Heggholmen,
Tove Olene Solvang Arr.: Harald Dyb
PER, VIL DU DANSE
På Askøy stod folket på kaien og såg
Då Dampen frå by'n kom inn
Og Randi ho seier til Rita og Linn
I kveld so e Per'n min
Refr.:
Per, vil du danse
ikkje meg imot
Ein sakte tango
I eit naust med not
Tre jenter dei dansa og song for han Per
På Torgkvelden no i haust
Han sat der og drøyrnde om tida til sjøs
Blant båtar og gamle naust
Tre jenter dei dansa og song for han Per
Han trudde han var ombord
Han var i sitt ess - ja, ein støvanes bås
Og hadde det siste ord
Tre jenter dei dansa og song for han Per
Og no sat han rik i land
På sjappen i Japan med jenter på fang
Spanderte på alle mann
Og Randi og Rita dei lista seg heim
Då sola så stille rann
Or naustet kom Per'n så sliten ombord
Frå seinsommarnatt i land
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Melodien er skrive i Molfetta, Italia, sommaren 1980.
Teksten er skrive på Statfjord "A" 10. september 1987.
Akk. gitarar: Johannes Kleppevik
Bass: Bjørn Breilid
Trekkspel: Kjell Harald Langhaug
Trommer: Geir Schoiz
Kastanjettar: Stein Inge Brækhus
Kor: Doris Kleppevik, Solvei Kalve,
Monika H. Kolltveit, Anita Heggholmen
Bass arr.: Øystein Tellnes
Arr.: Johannes Kleppevik
STATFJORDVALSEN
Dei hadde flagga ut skuto
Sendt ifrå Japan å heim
Pengane vard' ikkje lengje
Samen med Båsen frå Seim
Refr.:
So me reiste te Statfjord i lag
Å no jobba me 12-tima dag
Da e eg åsso Per'n å Hans
Denne jobben me klara me glans
Prøvde øss føsst nord på Mongstad
Arbi te 3000 mann
Jobben å lønna va grei nok
Fidn ikkje roen i land
Plattformen minna om skuto
Stand-by du siste sjømann
Liggje på reia å venta
Jongen ser lys ifrå land
Båten han lasta m bøyen
Uljo e tia sin låt
Sjøfølk vil seila på havet
Heisa vårt flagd på sin båt
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
Statfjord "C" (CO3), 19. april 1987
Akk. gitar: Johannes Kleppevik
Bass: BjØrn Breilid
Trekkspel: Kjell Harald Langhaug
Kor: Bergen Sporveis Kor
Arr.: Johannes Kleppevik
HURTIGRUTESONGEN
Ut frå Bergen går turen
Kveldssola smeltar i vest
Første plassen er Florø
Ruta langs kysten er best
Morgonstemning mot havet
Måløy kjem like før Stadt
Refr.: i hundre 'ar - langs kysten vår
Ja, Hurtigruta går
Som kystens mor - frå sør til nord
Kast loss med oss ombord
Frisk er brisen om baugen
Smygande mot Ålesund
Fiskarbyen oss helsar
Her skal me liggja ei stund
Kø, med glade turistar
Gangvegen er no på plass
Romsdalsfjorden er vakker
Molde er Rosenes by
Trondheim, staden til Olav
Opnar si soge på ny
Stø er kursen mot Rørvik
Noreg, du langstrakte lei
Petter Dass er i sikte
Losar oss fram med si hand
Bratte fjellheim og øyar
Dette er vårt Helgeland
Hurtigruta finn vegen
Vestfjorden, Lofoten, Troms
Midnattsola på babord
Finnmark, du stautaste nord
Fiskarmannen i sjarken
Takkar for fangsten så stor
Hurtigruta oss fører
Trygt imot Kirkenes hamn
Tekst og melodi: Johannes Kleppevik
M/S Ragnvald Jarl, 10. august 1992
Akk. gitar: Bjørn Breilid
Bass: Bjørn Breilid
Trommer: Geir SchoIz
Trekkspel: Kjell Harald Langhaug
Kor: Bergen Sporveis Kor
Bass arr.: Øystein Telines
Arr.: Johannes Kleppevik
Skipsklokke brukt i refr. er frå D/S Nordstjernen
(Bygd 1855 Greenock, tonnasje: 367 reg.t.)
Rederi: Det Bergenske Dampskibsselskab
Fløyta brukt som avslutning er i dag ombord
M/S Kong Harald, den var tidlegare på M/S Polarlys.
Dialog Foss Production
P.O.Box 145 Ulset. N-5873 Bergen Norway
tlf.+47 55531577 mob.90054858
e-post:[email protected]